Norunn (67) vart kommuneoverlege for å trappe ned til pensjonist – så kom korona

– Eg kan ikkje gje meg no, seier Norunn Kirkebø Elde. Ho hadde sett for seg kommuneoverlegestillinga som ei nedtrapping til pensjonisttilværet. Slik vart det ikkje.

Norunn Kirkebø Elde er takksam for at folk rettar seg etter dei pålegga som kjem. Ho oppmodar innbyggjarane om å halde seg oppdaterte på pandemien.  Foto: Linda Eikrem

Nyheter

Vikebladet: Norunn Kirkebø Elde visste tidleg at det var lege ho ville bli, i alle fall sidan gymnastida. – Då tenkte eg at eg ville reise ut å drive naudhjelp for Kirkens Nødhjelp, fortel Norunn. Ho ville ut i verda for å hjelpe, men ho kom seg aldri ut.