Åtte vil bli kommunedirektør i Sykkylven.

Søkjarlista til sjefsstilling i Sykkylven er klar.

Eli Otterlei er konstituert kommunedirektør i Sykkylven. No ønskjer ho å bli fast tilsett i stillinga. (Arkivbilde)   Foto: Per Ove Stige

Nyheter

Søkjarane til den ledige stillinga som kommunedirektør i Sykkylven er:

Ole Bjørn Hjellegjerde, Sykkylven, Ann-Heidi Paulsen Orvik, Midsund, Thomas Meisfjord, Eidsvoll, Olav Fure, Volda, Ove Inge Skylstad, Sykkylven, Eli Otterlei, Ålesund og Peter Vonstad, Ålesund.

Hemmeleg søkjar

I tillegg er det ein søkjar som har fått godkjent av kommunen at namnet til vedkomande skal haldast hemmeleg.

Opphavleg var det ytterlegare tre søkjarar. Men dei har alle trekt søknadane sine.


Ho blir kommunikasjonsdirektør

May-Helen Molvær Grimstad (51) skal starte i ny jobb som kommunikasjonsdirektør i Helseføretaket.


Konstituert

Eli Otterlei er i dag konstituert i stillinga som kommunedirektør i Sykkylven.

Stillinga vart ledig etter at May-Helen Molvær Grimstad for kort tid sidan slutta for å bli ny kommunikasjonsdirektør i Helse Møre og Romsdal.