– Dramatisk at Strynefjellet er mykje stengt

Strynefjellet er ei hovudfartsåre for mange transportørar. Det siste halvåret har vegen vore stengt over tjue gonger.

Yngve Bøstrand, Bøstrand transport  Foto: Svein Nordal/Møre-Nytt

Nyheter

(Møre-Nytt:) Seinast sist veke var vegen over Strynfjellet stengt grunna dårleg vêr. Det har skjedd mange gonger i fjor haust og i vinter. For transportørane gir dette lange omvegar og ekstra kostnader.