Rykka ut etter melding om røyk frå bygning

Brannvesenet i Stranda rykka ut.
Nyheter

Møre og Romsdal 110-sentral melder at Stranda brannvesen har rykka ut etter melding om røykutvikling frå ei bygning tysdag ettermidag.

– Vi fekk melding om røykutvikling på eit kjøkken i ein privat bustad. Brannen skal vere sløkt av dei som bur i huset, seier Jan Jørgensen ved 110-sentralen til Sunnmørsposten.

Brannvesenet har vore inne og kontrollert med varmekamera, og konstaterer at det ikkje er noko spreiing og at brannen er sløkt.

Årsaka til brannen er ikkje kjend.