Rykker ut til brann i bergingsbil

Brattvåg stasjon rykker ut til brann tysdag.
Nyheter

Klokka 14 tysdag melder Møre og Romsdal 110-sentral om ei brannutrykking i Ålesund kommune.

Brattvåg stasjon er på veg, ifølgje Twitter-meldinga.

Det skal vere brann i batterikassa i ein bergingsbil.

– Førar har fått dempa brannen med skum, heiter det i meldinga.