Skal ha opptrådt trugande og deretter sykla vekk

Nyheter

Politiet har søkt i området Synnes på Vigra i Giske kommune, etter tips om trugande åtferd.

Tipset går ut på at to menn skal ha oppført seg trugande overfor nokre ungdommar. Mennene skal ha sykla frå staden.

Politiet skriv at dei har vore i området og snakka med ungdommane og deira førsette. Dei har ikkje funne dei to angiveleg trugande personane.

Ifølge operasjonsleiar Sindre Moldnes vart den eine ungdommen så skremd at han hoppa på sjøen og la på svøm. Ingen er sendt til helsesjekk og ingen er fysisk skadd.