– Dette er ein veldig negativ reaksjon frå nye Ålesund

– Dette er ei veldig enkel og rimeleg sak. Husa står der slik dei er, og kan brukast. Det seier Knut Helge Harstad, tidlegare ordførar i Ørskog, om dei gamle skulebygga i Vaksvik og Skarbø som kommunen vedtok å leige ut gratis som grendahus.

Nærmiljø: – Alt som er rimeleg å ha i sitt nærmiljø er knytt til desse husa, seier tidlegare ordførar i Ørskog kommune, Knut Helge Harstad. Han reagerer sterkt negativt på at ÅKE ønskjer å gjere om å vedtaket til Ørskog kommunestyre.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Medan administrasjonen i Ørskog kommune hadde innstilt på å inngå ein avtale om bruk av grendehusa ut 2024, var det Knut Helge Harstad (H) som fremma forslaget om ein avtale på 30 år med dei to krinsane.