Skulen kan unngå nedlegging, sjølv om han berre har sju elevar frå 1. til 10. klasse til hausten:

Skulenedlegging kan bli utsett for å gi næringslivet meir tid

I utgangspunktet låg det an til at kommunestyret i Sande kom til å legge ned skulane på Sandsøya og i Gjerdsvika tysdag. Men på tampen har det kome eit forslag om å gi skulen på Sandsøya meir tid - sjølv om den nesten ikkje har elevar.

Vil vente med nedlegging: Dag Vaagen og Sande Høgre. Sandsøy-skulen får sannsynlegvis sju elevar til hausten. To av dei er i barneskulealder, resten i ungdomsskulealder.   Foto: Knut Arne Aarset (arkivfoto)

Nyheter

– Vi ser at det er ein del satsingar på øya som er i gang, mellom anna frå Sandefisk og Sølvtrans. Og kanskje fortener dei litt meir tid på seg, seier Dag Vaagen (Høgre) til Sunnmørsposten.