Åtte tatt i fartskontroll

Politiet hadde fartskontroll i Ulstein onsdag kveld.
Nyheter

Møre og Romsdal politidistrikt melder at dei skreiv ut åtte forenkla førelegg for høg fart i området Garnes og Haddal onsdag kveld. Tre førarar fekk førarkortet kverrsett. Høgste målte hastigheit var 95 kilometer i timen i 60-sona.

Kontrollen blei meldt inn i 22.30-tida onsdag kveld, ifølgje ei twittermelding frå Møre og Romsdal politidistrikt.

Natt til torsdag melder politiet også at dei stansa ein personbil på riksveg 61 i Ulsteinvik kor bilførar ikkje hadde gyldig førarkort. Bilen blei parkert på staden, føraren, ei kvinne i 20-åra, blir politimeldt.