Her kjem det ny asfalt i år

No startar asfaltsesongen. Møre og Romsdal fylkeskommune skal legge opp mot 100 kilometer med asfalt på fylkesvegane fram til november.

Ny asfalt: Arkivfoto frå asfaltarbeid i Vatnedalen og Nakkedalen.  Foto: Per Ove Stige

Nyheter

– Løyvingane til asfalt i år var 65 millionar kroner. I tillegg har fylkestinget løyvd 14 millionar kroner ekstra gjennom den fylkeskommunale tiltakspakken knytt til koronaepidemien. Det gjer at vi kan asfaltere opp mot 100 kilometer asfalt på fylkesvegnettet i år, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen i ei pressemelding frå fylkeskommunen.