Seks vil bli medie-dekan

Har søkt: Kate Kartveit, lektor ass professor TV-journalism ved Danmarks medie- og journalisthøjskole.   Foto: Louise Skeldahl (Danmarks medie- og journalisthøjskole)

Nyheter

Møre-Nytt: Det har kome seks søkjarar til stillinga som dekan ved avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda, skriv Khrono.

Den er ny søknadsrunde, fordi han som var innstilt som nummer ein sist trekte seg.

Tre av søkjarane ønskjer ikkje namnet offentleggjort. Av desse er to kvinner og ein mann.


Rotevatn blir museumsdirektør

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er tilsett som administrerande direktør i regionmuseet Musea på Sunnmøre.


Blant søkjarane som har namnet sitt på den offentlege lista, er Kate Kartveit. Ho er førsteamanuensis ved Danmarks medium og journalisthøgskole, og har tidlegare arbeidd i NRK fjernsynet. Pål Aarsæther søkjer også, slik han gjorde i førre runde. Han er i dag leiar for Norsk Lektorlag i Møre og Romsdal. Ein sjette søkjar er ei 24 år gammal kvinne frå Hellas.

Pål Aarsæther er blant søkjarane.  Foto: Pressefoto

Torsdag var det styremøte ved Høgskulen, og dekantilsetjinga var orienteringssak.

Rektor Johann Roppen seier til Khrono at han håpar den nye dekanen kan vere på plass tidlegast råd.

– Vi har ikkje hatt intervju endå, men blant dei som jobbar med denne saka er det optimisme, seier Roppen.

Rektor Johann Roppen og direktør Karen Lomeland Jacoben på førre styremøte.   Foto: SKJERMDUMP, HØGSKULEN I VOLDA.

Saka blei først publisert i Møre-Nytt.