Stranda:

Veg var stengt etter snøskred

Fylkesveg 63 vart stengt mellom Geiranger og Eidsdal etter eit snøskred. Torsdag kveld vart det rydda og vegen vart opna igjen.

Torsdag kveld: Rydding av fylkesveg 63 torsdag kveld.   Foto: Kenneth Skrede

Nyheter

Det var torsdag ettermiddag at Vegtrafikksentralen rett før klokka 16 melde om snøras på fylkesveg 63. Skredet gjekk over vegen.

– Skredet har gått på Geiranger-sida av Oppskredtunnelen. Vi fekk inn melding ca. klokka 15.50, seier trafikkoperatør Stian Gullvåg til Sunnmørsposten. Vegen vart stengt.

Oppdatert: Vegen er no opna igjen, melder Vegtrafikksentralen torsdag kveld klokka 20.30.

Snøras på fylkesveg 63 mellom Eidsdal og Geiranger. Raset gikk like øst for tunnelen.   Foto: Maria Dahl Wattø

Vegtrafikksentralen sende vakthavande entreprenør til staden for å vurdere situasjonen.

– Vi har ikkje fått opplysningar som tydar på at det har vore bilar i nærleiken av skredet, sa trafikkoperatøren like etter klokka 16.00.

– Vegen er stengt på grunn av skredet, men det er ingen grunn til å tru at det har vore bilar eller personar involvert, sa operasjonsleiar Arild Reite i politiet i Møre og Romsdal torsdag ettermiddag.

Seinare torsdag kveld vart vegen altså rydda og til slutt opna igjen.