Fjord1 lettar på koronatiltaka

No treng du ikkje lenger sitte i bilen under ferjeoverfarten.

Fjord1: Hareid - Sulesund er eit av fleire Fjord1-samband på Nordvestlandet.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Fredag morgon melder Fjord 1 at dei lettar på dei sjølvpålagde koronatiltaka på ferjene. «Fjord1 avviklar råd til passasjerar om at ein bør sitte i køyretøyet under overfarten. Passasjerar kan bruke passasjersalongane som vanleg under føresetnad av at ein følgjer nasjonale føringar for avstand til andre», heiter det i pressemeldinga frå Fjord1.

Gjekk frå tre til to avgangar i timen, men endra ikkje rutetidene:

Derfor er det 40 minutt mellom avgangane på Hareid - Sulesund

Frå å kunne ta ferje kvart 20. minutt kan ein no risikere å vente 40 minutt om ein skal ta ferje på sambandet Hareid - Sulesund. Ifølgje fylkeskommunen har det kome inn klagar frå transportnæringa.


Driftsdirektør i Fjord1, André Høyset presiserer at Fjord1 følgjer situasjonen tett, og at det ligg oppdaterte smittevernvurderingar til grunn for at selskapet no lettar på nokre av tiltaka.

– Fjord1 følgjer utviklinga av situasjonen knytt til koronaviruset tett, og når vi lettar på nokre av tiltaka denne veka, så held vi samtidig på andre førebyggande tiltak for å hindre smittespreiing. Vår høgste prioritet er å vareta sikkerheit og helse for våre passasjerar og tilsette, og vi følgjer myndigheitene sine smittevernråd som tilseier at ei opning av desse kioskane kan gjerast med omsyn til smittevern. Samtidig ber vi alle våre reisande om å følgje dei nasjonale retningslinjene for avstand til andre medreisande, seier driftsdirektøren i pressemeldinga.

Gjelden opp og omsetningen ned

Svakere resultat for Fjord1

Omsetningen gikk ned og gjelden opp for Fjord1 i 2019. Ferjeselskapet fikk et driftsresultat på 396 millioner kroner. Det er en nedgang på 349 millioner kroner sammenlignet med 2018.



Ferjetakst

Også privatpersoner får nyte godt av Autopass-ordning

Nå vil flere få råd til rabatt på ferjene.


Fjord1 opnar sjølvbetente kioskar på to av sambanda, deriblant Anda-Lote. Innan 1. mai-helga vil Fjord1 vurdere å opne opp att sjølvbetente kioskar på fleire av dei store sambanda. Vidare vil ein finne løysningar som gjer at ein etter kvart kan opne opp dei fleste kioskane om bord i fartøya.