Her vil fleire utdanne seg til lærar

Volda går mot straumen

På landsplan går søkjartalet til grunnskulelærarutdanninga ned. Men ikkje i Volda. Her er det auke.

Studieopning i Volda hausten 2019.  Foto: Terje Engås

Nyheter

– Grunnskulelærarutdanninga er viktig for oss og vi set stor pris på å sjå ei auke når trenden nasjonalt er nedgang. Behovet for lærarar i framtida er stort og vi vil halde fram med å rekruttere nye, flinke lærarar til skulane.