Dette skjedde i natt

Ein bilførar fekk forenkla førelegg under ein kontroll i Volda natt til søndag.
Nyheter

Politiet hadde trafikkontroll i Volda natt til søndag. Det blei delt ut eitt forenkla førelegg i kontrollen. Bilføraren køyrde i 68 km/t i ei 50-sone, ifølgje ei Twitter-melding frå Politiet i Møre og Romsdal klokka 01.28.

Klokka 00.44 melder politiet at ein mannleg bilførar i slutten av tenåra blir meld til politiet for å ha køyrt bil utan førarkort. Dette skjedde på ein fylkesveg i Ålesund.

På politiloggen i Møre og Romsdal siste timane er det elles meldingar om ruskøyring i Molde og Tingvoll, samt ein fartskontroll i Kristiansund.