FAU-leiar åtvarar mot «luksusfelle» og «stormannsgalskap» i Brattvåg:

Meiner det hastar meir med bad på Skodje enn i Brattvåg

Kvifor skal dei ha eit stort badeanlegg i Brattvåg til 162,5 millionar kroner når dei ikkje ein gong har eit lite symjebasseng i gamle Skodje kommune? Det ønskjer Aase Kristine Bolstad svar på.

Vil ha symjebasseng her: Aase Kristine Bolstad ønskjer å få fart på saka om symjebasseng på Skodje. Ho viser til ein rapport Skodje kommune fekk som anbefalte eit symjebasseng på 25 x 15.5 meter pluss eit terapibasseng på 12,5 x 8,5 meter – inkludert rullestol. Bolstad meiner det er betre å prioritere forsvarleg symjeopplæring for alle enn ei rekkje badeland i nye Ålesund kommune.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– Eit stort badeanlegg i Brattvåg vil konkurrere med det som kjem i Ålesund sentrum. Eg forstår ikkje kvifor det skal vere to slike anlegg i same kommune når vi har eit skandaløst dårleg symjetilbod andre stader i kommunen, seier Bolstad.