Betent sak i Sande vart avgjort etter oppheita debatt:

To skular vart lagt ned med knapt fleirtal

Ingen la skjul på at det var ei emosjonell sak, men tysdag vedtok kommunestyret å legge ned skulane på Sandsøya og i Gjerdsvika. Det vart gjort med 11 mot 10 røyster.

- Inga glede: Både varaordførar Einar Ekroll (Frp) og ordførar Olav Myklebust (Sp) røysta for å legge ned Sandsøy skule. Dei sa seg letta over at saka no var avgjort, men kjende inga glede over at Sandsøy-skulen vart lagt ned. Ei heller Gjerdsvika skule, men den var det mindre debatt om.  Foto: Einar Orten Trovåg

Nyheter

– Denne dagen har eg grua meg til i lang, lang tid, erkjente Kaare Worren, representant for Tverrpolitisk Liste for Kvamsøy, Sandsøy og Voksa.