Gradvis oppstart ved Muritunet

Tar imot den første gruppa med pasientar frå 6. mai.

  Foto: Terje Engås (arkiv)

Nyheter

25. mars vart all aktivitet ved Muritunet stoppa. Dette skjedde etter klare nasjonale og lokale føringar. Men: No har kommuneoverlegen i Fjord kommune gitt Muritunet klarsignal for gradvis oppstart av klinisk drift, noko som er i tråd med råd frå Helsedirektoratet, Helse- og omsorgsdepartementet og klarsignal frå Helse Midt-Norge, går det fram av ei pressemelding.

– Frå onsdag 6. mai vil vi difor ta imot den første gruppa med pasientar, og så håpar vi at drifta steg for steg vert normalisert, heiter det frå direktør Geir Ove Vegsund.

– Det var ein uverkeleg og trist dag då vi måtte stenge, men desto meir gledeleg er det at vi no kjem i gang att, ikkje minst av omsyn til pasientane men og sjølvsagt til dei tilsette. I samband med oppstarten har senteret gjort tiltak for å sikre forsvarleg og trygg drift, med vekt på å redusere risikoen for smittespreiing til eit minimum, held han fram.