Sande-ordføraren sterkt kritisk til nabokommunen si jakt på Trond Arne Aglen:

– Herøy har drive ufint spel i jakta på ny direktør

Forholdet mellom nabokommunane Herøy og Sande har fått seg eit skot i baugen. Sande-ordførar Olav Myklebust (Sp) er skuffa over at Herøy aktivt har gått inn for å hente kommunedirektøren deira.

Populær direktør: Etter det Sunnmørsposten erfarer har både ordførar Olav Myklebust (til venstre) og mange andre i Sande kommune vore svært godt nøgde med jobben Trond Arne Aglen (til høgre) har gjort etter at han vart kommunedirektør (tidlegare kalla rådmann) for litt over eitt år sidan. Men no går ferda vidare til Herøy for den tidlegare politimannen. Biletet er teke for to veker sidan i ein annan samanheng.  Foto: Einar Orten Trovåg

Nyheter

– Eg mislikar at Herøy har gått så direkte på Aglen og overtala han til å søke. Det er ufint av dei. Herøy veit at dette ikkje er bra for organisasjonen vår. Dei burde i staden tenkt på samarbeidet mellom kommunane, seier Myklebust.