Geir Ove Vegsund er tilsett som ny kommunedirektør i Sykkylven

Det skriv kommunen i ei pressemelding måndag. Vegsund kjem frå jobben som administrerande direktør i Muritunet AS.

Ny jobb: Geir Ove Vegsund (57) skiftar jobb. Går frå stillinga som administrerande direktør på Muritunet til jobben som kommunedirektør i Sykkylven kommune.  Foto: Terje Engås

Nyheter

57 år gamle Vegsund blei av kommunestyret tilsett som ny kommunedirektør.

– Vi har hatt ein grundig prosess med ekstern rådgjevar, politikarar, administrasjon og tillitsvalde involvert. Søkjartilfanget har vore godt, vi har hatt fleire godt kvalifiserte kandidatar, og forhandlingsutvalet samla seg om Geir Ove Vegsund, seier ordførar Odd Jostein Drotninghaug i pressemeldinga.

Dei legg vekt på at «Vegsund har solid kompetanse og erfaring frå både privat og offentleg sektor. Hans evne til utvikling og resultatoppnåing er godt dokumentert».

Geir Ove Vegsund kjem frå stillinga som administrerande direktør i Muritunet AS, han har tidlegare vore leiar i Møre og Romsdal Høyre og ordførar i Sula kommune. Ifølgje Wikipedia er han utdanna siviløkonom frå BI, han har og vore direktør i skipsbyggingsselskapet STX OSV Accommodation.

– Sykkylven kommune er ei spanande kommune kor vi har moglegheiter for vekst og utvikling. Eg er glad og audmjuk for at eg har fått tillit til ein så viktig og sentral jobb og ser fram til å starte i jobben, seier Geir Ove Vegsund i pressemeldinga.

Gradvis oppstart ved Muritunet

Tar imot den første gruppa med pasientar frå 6. mai.



Han skal styre Muritunet

Kva heiter dei, og kva jobbar dei med? Og kvar går denne korridoren? Og korleis loggar seg ein på dataanlegget?