Inviterer til digitalt Bygdepride

Går digitalt: Bygdepride 2020 blir avvikla digitalt, opplyser arrangøren. Pressefoto 

Nyheter

Bygdepride 2020 vart avlyst som fysisk arrangement. Likevel, det vert arrangement digitalt, opplyser arrangøren i ei pressemelding måndag.

– Torsdag 7. mai og laurdag 9. mai er datoane for arrangementet. Torsdag kveld vert det ein minikonsert med Knut Anders Sørum og ei helsing frå sokneprest i Ørsta, Arne Moltubak. Laurdag ettermiddag og kveld vert det appellar frå mellom andre kulturminister Abid Raja, leiar i FRI, Ingvild Endestad, ordførarane i Ørsta og Volda og frå Bygdepride sin eigen Anbjørn Steinholm Frislid.


Bygdepride omtala i amerikansk avis

Dokumentaren om Norges første pridefestival på bygda er utvald hos «The Atlantic Selects», der korte dokumentarar blir vist fram.


– Vi oppmodar også folk til å flagge med regnbogeflagg laurdag 9. mai. Sjølve kjem vi til å nytte oss av løyva frå Ørsta og Volda kommunar til å flagge i deira pynteflaggstenger, seier Steinholm Frislid.

Bygdepride vart for fyrste gong skipa i 2018. Det var fyrste gong det vart halde ein skeiv festival på bygda, og mange tusen tok del i feiringa.