< Testar flodbølgealarmen - smp.no/nyheter – Nyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Testar flodbølgealarmen

Fredag 15. mai vil sirenene ule i kommunane Stranda, Fjord og Sykkylven. Det er Åknes/Tafjord Beredskap (ÅTB) som skal teste utstyret sitt, i tilfelle fjellras med etterfølgande flodbølge.

Fredag 15. mai blir det varslingstest i kommunane Stranda, Fjord og Sykkylven. (Illustrasjonsfoto)  Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Nyheter

Dessutan skal dei teste ut varsling via telefon, fortel ÅTB i ei pressemelding.

ÅTB har på vegner av kommunane langs Storfjorden ansvaret for befolkningsvarslinga ved ei eventuell fjellskredhending.

Testen av systema skjer fredag 15. mai mellom klokka 12 og 14.


Åknes Tafjord styrkar varslinga av monsterbølga – no kjem Sykkylven også med

Tyfonar i alle bygder

Denne hausten skal det settast opp sju tyfonar i bygdene i Sykkylven som skal varsle når monsterbølga frå Åkerneset kjem.


Får melding

Dette vil innebere at om du har registrert telefon på ei adresse i, eller oppheld deg i ein kommune ved Storfjorden, vil du få ei melding eller oppringing til telefonen din.

I tillegg vil du kunne høyre at sireneanlegga rundt fjorden blir testa. Dette gjeld sireneanlegg i Stranda og Fjord, samt delar av Sykkylven kommune.

Snakk med barna

ÅTB oppmodar alle som bur i desse kommunane om å informere barna om denne testen på førehand.

Dei legg til at det vil vere mogelegheit for å gi ÅTB tilbakemelding om testen gjennom ei spørjeundersøking. Denne finn du på www.aknes.no eller på link på kommunen sine heimesider.


NVE-sjef kaller katastrofefilm «realistisk»

Haugesund (NTB): Sjefgeolog Lars Harald Blikra i NVE mener den 80 meter høye flodbølgen som er skildret i den norske katastrofefilmen «Bølgen», er realistisk og godt kan oppstå i virkeligheten.


Inga endring

Åknes/Tafjord Beredskap IKS legg til at det ikkje er noko endring i bevegelsane i fjella.

Og at geologane vil kunne varsle i god tid før eit eventuelt ras blir utløyst.

NB! I første versjonen av denne saka sto det at varslinga skulle skje torsdag 15. mai, det riktige er fredag 15. mai.