Hareid Group har også måtte permittere tilsette – men er ikkje så hardt råka som dei hadde frykta:

– Vi har vore gjennom fleire brottsjøar før – og skal klare å stå av denne også

Det seier konsernsjef Karsten Sævik i Hareid Group om situasjonen. Med øvste ansvar for rundt 700 tilsette ser han det som ei viktig oppgåve å lose organisasjonen trygt gjennom koronakrisa.

Spent på tida framover: Karsten Sævik er konsernsjef i Hareid Group. Han er spent på den vidare utviklinga, spesielt no som samfunnet gradvis går tilbake til «normalen».  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll, Vikebladet/Vestposten

Nyheter

(Vikebladet/Vesposten): – I ein slik situasjon er det viktig å sikre krigskassa si. Etter mange tøffe år med omstilling som har tæra på eigenkapitalen for mange, er likviditet svært viktig for alle som opererer innanfor den maritime næringa, også for oss. Men vi må i tillegg sjå menneska bak tala, seier Karsten Sævik.