Kvinne arrestert for fleire ulovlege forhold

Ei kvinne er arrestert, mistenkt for fleire ulovlege forhold under bilkøyring.
Nyheter

Politiet i Møre og Romsdal har teke med ei kvinne i 30-åra til blodprøve, etter mistanke om køyring i påverka tilstand i Ålesund tysdag ettermiddag.

Kvinna har ikkje gyldig førarkort, ifølgje politiet.

I tillegg var bilen ho køyrde stolen, ifølgje Twitter-melding klokka 15.47.