Fylkeskommunen vil hjelpe reiselivet gjennom koronakrisa:

Set av sju millionar for å marknadsføre Møre og Romsdal i Norge

Det aller meste tyder på lite turisme frå andre land i sommar. Derfor ønskjer fylkespolitikarane å få norske turistar til Møre og Romsdal.

Vil hjelpe reiselivet: Slik såg det ut då cruiseskipet AIDAprima gjekk i land i Ålesund i fjor. Turistane skulle vidare til Fjellstua. Slike bilete ser vi neppe mange av i år, men fylket set no i sving tiltak for å hjelpe reiselivet til å få norske turistar til Møre og Romsdal i sommar.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Møre og Romsdal skal framleis ha opplevingar å selje når marknaden opnar igjen, seier leiar av kultur, næring- og folkehelseutvalet, Marit Nerås Krogsæter (Sp), i ei pressemelding.