Lefdal Mine Datacenter har fått ny investor

Amerikansk fond er ny eigar av datasenter

Ei amerikansk investorgruppe blir ny majoritetseigar i Lefdal Mine Datacenter.
Nyheter

– Dette er fantastiske nyhende, seier Stad-ordførar Alfred Bjørlo etter at det er kunngjort at det amerikanske Columbia Threadneedle European Sustainable Infrastructure Fund har kjøpt seg inn i selskapet og no majoritetseigar.

Rittal, som har hovedkontor i Tyskland, held fram som minoritetseigar, opplyser selskapet i ei pressemelding onsdag.

Fleire interesserte

Selskapet, som held til i Lefdal i Nordfjord, meiner sjølv at dei no har ein eigarstruktur som har internasjonalt nettverk og solid finansiell styrke.

– I prosessen har det vore interesse frå ei rekkje investorar, fortel Jørn Skaane, dagleg leiar i Lefdal Mine Datacenter.

Det er dei regionale eigarar som no kvittar seg med sine aksjar.

Dei har lukkast med å etablere ei ny grøn og framtidsretta næring i vår region, meiner Skaane. No er håpet at internasjonale eigarar skal ta ut ytterlegare potensial i selskapet.

Store ringverknader

Stad-ordføraren seier i si pressemelding at utbygginga som no er på trappene vil gje store ringverknader for heile regionen. Kommunen er stolt og audmjuk over å vere vertskommune for ei så gigantisk næringssatsing.

– Lefdal Mine Datacenter er ei suksesshistorie av dei sjeldne, som bør inspirere mange. Sindre Kvalheim og resten av Måløy-miljøet har synt sterk stayerevne gjennom mange år, heilt frå ideen om å bruke den nedlagde olivingruva i Lefdal i Nordfjord først dukka opp i 2009, seier Bjørlo og held fram:

– Det handlar om gründerar med vilje til å satse, om lokal og regional mobilisering for å backe opp prosejktet med nødvendig kapital i ei lang fase frå idé til gjennmføring – og til ei eineståande evne til å skaffe nasjonale og internasjonale nettverk for å gjere ein lokal idé til eit globalt næringseventyr.

Bjørlo held også fram at dette syner at framtidas grøne næringsliv ikkje er sentralisert til dei største byane, men kan byggast opp og utviklast med base i dei unike ressursane og kvalitetane i distrikta.


Datasenter fekk miljøpris

Lefdal Mine Datacenter er tildelt Sogn og Fjordane Fjordane Venstre sin miljøpris for 2016.