Selde datasenter til amerikansk fond:

Skal bruke millionane til ny satsing i Måløy

Amerikanske eigarar med finansielle musklar blir ny storeigar i Lefdal Mine Datacenter. Pengane frå salet vil dei lokale seljarane bruke til vidare satsing på nye arbeidsplassar i Måløy.

Fornøgd: Günder og LocalHost-leiar Sindre Kvalheim (t.h.) er svært fornøgd med at ein no har fått inn ein industriell investor som tenkjer grønt og langsiktig for datasenteret i Lefdal. Til venstre dagleg leiar i Lefdal Mine Datacenter, Jørn Skaane.  Foto: Lefdal Mine Datacenter

Nyheter

Teknologigründeren Sindre Kvalheim var den som hadde ideen til datasenteret i den nedlagde olivingruva i bygda Lefdal, som ligg mellom Måløy og Nordfjordeid. Han har vore med på utviklinga av datasenteret sidan starten.