Historia til norsk jøde gjorde sterkt inntrykk

Fekk brev frå eit tidsvitne

Den norske jøden Herman Sachnowitz overlevde konsentrasjonsleir under 2. verdskrig. Fleire år etterpå gjorde historia hans eit sterkt inntrykk på ein skuleklasse i Ulstein.

Bok: Svein Eiksund var lærar for Evy Anne Dimmen Sundal (t.v.) og Rune Barstad (t.h.). Alle hugsar at boka til Hermann Sachnowitz gjorde sterkt inntrykk. Evy med bilde av Sachnowitz, Svein med ei av mange utgåver av boka og Rune med bilde av utgåva klassen las.   Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

– Dette brevet har eg gøymt i ein safe i 43 år, seier Svein Eiksund og viser oss brevet som Herman Sachnowitz skreiv til 9. klassen Eiksund var lærar for i mai 1977.