Beit politibetjent

Nyheter

Ei kvinne i 20-åra er dømd for å ha bite ein politibetjent i skuldra i samband med ein arrestasjon. Søre Sunnmøre tingrett vurderer handlinga som vald mot politiet, men ser fleire formildande forhold og kvinna slepp å sone i fengsel. Ho er dømd til 18 dagar fengsel på vilkår, med to år prøvetid, og ho må betale 1500 kroner i sakskostnader.