Geiranger tilpassar seg – klar for å opne

Illustrasjonsfoto.  Foto: Marius Simensen (arkiv)

Nyheter

I ei felles pressemelding måndag skriv Geiranger Fjordservice at Geiranger no er klar for å opne att, etter at mykje har vore stengt på grunn av koronapandemien.

– For at vi at vi skal kunne gje tilbod om trygge og gode opplevingar har aktørane samla seg om ei rekke tiltak og gode rutiner for å kunne hindre smitte. Dette gjer at vi kan tilby eit utval av aktivitetar og opplevingar, heiter det i meldinga, som er signert dagleg leiar Helle Jensen.

I tillegg til ein del aktivitetar og opplevingar favnar opninga også overnattingstilboda og dels også servering og butikkar. Når det gjeld hotella heiter det at desse opnar 29. mai.


Elisabeth og Jørgen – nye drivarar ved Havila Geiranger Hotel

Ligg ikkje vaken og uroar seg

Dei tidlegare eigarane opplevde at ei flodbølge knuste hotellet, rett nok berre på film. Dei som no har teke over hotellet, fekk ei koronabølge rett i fanget.



Hamnesjef utan båtar

Hamnesjef Rita Berstad Maraak i Stranda har framleis ei liste over cruiseanløp i år. Men lista blir kortare for kvar dag.



Spanande tider for øl og camping

2019 var eit godt år. I fire veker var campingplassen heilt full. Frank Maråk (39) lurer på korleis det blir i år.



Dyr ballmiddag i mars

– Dette blir ein rar sesong, seier Kenneth Løken – og myser mot sola og fortel om ein heilt spesiell balldag ved restauranten i mars.