Ansatte i Volda testa negativt – må framleis vere i karantene

Etter at ein pasient ved Volda sjukehus testa positivt for covid-19 måtte ei rekkje tilsette i heimetenestene, ved legevakttenesta og på sjukehuset i karantene. Førebels har alle dei tilsette testa negativt for koronaviruset.

Ordførar Sølvi Dimmen (t.v.) og kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol fotografert på ei tidelegare pressekonferanse  Foto: Volda kommune

Nyheter

13 tilsette i Volda kommunes heimetenester, to legar ved den felles legevakttenesta med Ørsta og 20 tilsette på Volda sjukehus vart sett i karantene tysdag etter at ein pasient ved sjukehuset testa positivt for koronaviruset. Dei som vart sett i karantene hadde hatt nær kontakt med pasienten.