SpareBank 1 Søre Sunnmøre: Merkar koronakrisa - men god likviditet

SpareBank1 Søre Sunnmøre.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Sparebank Søre Sunnmøre sin første kvartalsrapport for 2020 er klar og viser eit resultat før skatt på 37,7 millionar kroner – mot 94,4 millionar for same kvartal i fjor. Det skriv banken i ei børsmelding 14. mai.

– I første kvartal 2019 hadde banken store ekstraordinære inntekter. Ser ein på den ordinære bankdrifta, er resultatet i 2020 vesentleg betre enn i 2019, skriv banken, og viser til at kjernekapitaldekninga er på 18,1 prosent over regulatoriske krav og at banken har ein utlånsvekst på 7,3 prosent dei siste tolv månadene.

Kjernekapitaldekninga på 18,1 prosent er over regulatoriske krav og banken kan vise til ein utlånsvekst på 7,3 prosent dei siste tolv månadane.

– Sparebank 1 Søre Sunnmøre har levert gode resultat over tid, noko som gjer at banken er solid og har likviditet til å stå støtt gjennom situasjonen som no pregar samfunnet vårt, seier administrerande direktør Stig Brautaset.


100.000 til Kirkens SOS Møre og Romsdal

Sparebank 1 Søre Sunnmøre løyver 100.000 kroner til Kirkens SOS Møre og Romsdal, som driv krisetelefon på telefon og nett.



Rekordår for banken

Deler ut rekordmykje pengar til lokale formål

Aldri før har Sparebank1 Søre Sunnmøre fått eit betre resultat enn i fjor. Det gir også rekordhøge 15 millionar kroner til gode formål i lokalsamfunnet.