Ein slik 17. mai-video har du neppe sett tidlegare

Kva får du når du slår saman eit korps, ein operasongar, ei gruppe sjetteklassingar og ein gammal Rage Against The Machine-låt? Svaret er ein heilt spesiell 17. mai-video.
Nyheter

– Eg fekk ideen i fjor haust, fortel Stijn Berbé.

Han er opphavleg frå Belgia, men har dei siste ti åra dirigert Vestnes, Daugstad og Vike skulekorps.

Dei har hatt sine sprell tidlegare også, men denne gongen har dei slått ekstra hardt på stortromma – bokstavleg tala.

– I fjor haust tenkte eg det var på tide å gjere noko meir ut av 17. mai-feiringa. Det hadde vore artig med eit samarbeid mellom skulekorpset og sjetteklassingane ved Helland skule, seier Berbé.


Folk på gata på 17. mai:

- Båtparade var bare toppers! Det kan vi godt ha hvert år

Bilkortesje, båtparade og korpsmusikk i trappene. Mye er nytt i år - men stemningen blant folk er enhver nasjonaldag verdig.


Profesjonelt laga

Så kom koronakrisa.

Då dukka det opp ei moglegheit for korpsa til å søke om ekstramidlar.

Ifølgje Berbé er det snakk om eit femsifra beløp – og desse pengane har altså gått med til denne heilt spesielle musikkvideoen.

– Det er profesjonelle folk som bidreg både med lyd og video. Dessutan bidreg den profesjonelle operasongaren Beate Mordal frå Molde med ein rap, seier Stijn Berbé.

Rappar: Operasongar Beate Mordal bidreg i videoen.  Foto: Skjermdump

Wake up

Den nesten sju minutt lange songen med tilhøyrande video er basert på Rage Against The Machine-låten «Wake up» frå 1992.

Elles er songen krydra både med rap og forskjellige snuttar frå «Ja, vi elsker» og andre songar det er vanleg å framføre på 17. mai i Norge.

Og mykje anna artig.

Enkelte av dei 17 medlemmane i Vestnes, Daugstad og Vike skulekorps bidreg også på instrument ein vanlegvis ikkje forbind med korps, som elgitar.


Musikar, lyrikar og sjømann Roy André Øvrelid (37) aka ZigZag-Zvor er vekas gjest i «Sunnmørsfolk»:

- Vi spelte for fleire i kø enn inne på stadion


Positive tilbakemeldingar

Grunna korona-restriksjonar og dårleg ver var det utfordrande å få spelt inn musikkvideoen då det skulle gjerast for eit par veker sidan.

Men dei kom i hamn.

Resultatet kan lesarane vurdere sjølve (videoen ligg øvst i saka).

Det er i alle fall ingen tvil om at Stijn Berbé er godt nøgd sjølv – og at mange andre er det.

– Eg har berre fått positive tilbakemeldingar, alt frå folk som synest dette var tøft til folk som skriv eg er gal, flirer dirigent Berbé.

Han ser ikkje vekk frå at han prøver seg på liknande stunt seinare.

Elevar: Sjetteklassingar ved Helland skule er sterke bidragsytarar i videoen.  Foto: Skjermdump

Alternativ feiring i nabolaget: - Første gang det går 17. mai-tog i denne gata!

Hva gjør man når barnetoget er avlyst? Beboerne i Ågnegjerdet på Vigra bestemte seg for å arrangere sitt eget lille tog for barna i nabolaget.