Bygdefolket tok affære mot vindkraftutbygging

Tvinga anleggsmaskinene til å snu

Aksjonistar sperra tysdag ferjekaia på Haramsøya. Det gjorde at anleggsmaskinene som skal begynne arbeidet med å få opp 150 meter høge vindturbinar på Haramsfjellet måtte snu.

Talte: Birgit Oline Kjerstad (t.h) heldt tale då ho dukka opp på kaia, og minna om at ein skulle halde godt naboskap sjølv om ein er usamde i sak.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

Medan leiaren for Nei til vindkraftutbygging på Haramsøya, Birgit Oline Kjerstad, og styremedlem Jørgen Åkre sat og finpussa på eit brev til Noregs vassdrags- og energidirektorat, stortingsgruppene og olje- og energiminister Tina Bru i håp om å få stansa vindkraftutbygginga, aksjonerte bygdefolket nede på kaia.