Vindkraft-motstandarar hindra lastebilar

Politiet ønskjer lågast mogeleg konfliktnivå på Haramsøya, men er førebudd på å i verste fall måtte bruke makt.

Aksjonistar på ferjekaia.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

Operasjonsleiar Per Åge Ferstad i politiet fortel til Sunnmørsposten at demonstrantar hindrar lastebilar å køyre iland med ein barrikade av bilar på ferjekaia.

– Det er nokre lastebilar på veg utover, som skal arbeide på fjellet på Haramsøya. Vi prøver å kome i dialog med aktivistane og løyse saka med lågast mogeleg konfliktnivå, seier Ferstad.

Operasjonsleiaren seier at han forstår at det er sterke kjensler involvert, men samstundes at politiet må sørge for at eit lovleg fatta vedtak kan gjennomførast.

– Er det aktuelt å bruke makt for å fjerne demonstrantane?

– Det er i ytste konsekvens, men ikkje noko vi ønskjer. No vil vi ha dialog, slik at arbeidet får gå sin gang. Det blir gitt pålegg til aktivistane, og da får dei mogelegheit til å fjerne seg i høve til politilovas paragraf 7. Den seier at politiet kan gripe inn for å sørge for ro og orden, vareta enkeltpersonar og den allmenne sikkerheit.

Ferstad har god tru på at saka kan løyse seg, slik at anleggsarbeidet kan halde fram.

  Foto: PRIVAT

Måtte gjere retrett

Regionssjef Inge André Utåker i Norled fortel om kva som skjedde:

– Lastebilar med utstyr vart forhindra i å køyre på land, medan privatbilar fekk køyrt både av og om bord, seier Utåker.

Aksjonen resulterte i enkelte forseinkingar.

Lastebilane vart med tilbake til fastlandet på Skjeltene.

Utåker fortel at politiet skal hjelpe til med å gjere det mogeleg å få utstyret på land, og reiser anten i førevegen eller samtidig med entreprenør Stangeland Maskin.

Som reiarlag har Norled naturlegvis ingen meining i vindkraftkonflikten. Utåker kan likevel seie følgjande:

– Vi synest jo ikkje noko om at vi vert nekta å gjere den jobben vi er betalt for å gjere.

  Foto: Marius Simensen