Tre personar til sjukehus etter front mot front-kollisjon

Tre personar blei skadde i ei alvorleg trafikkulykke på riksveg 15 i Stryn onsdag ettermiddag.

  Foto: Bengt Flaten/Fjordingen

Nyheter

– To personar er sende til sjukehus med luftambulanse: Ein til Haukeland universitetssjukehus, og ein til sentralsjukehuset i Førde. Ein tredje person er frakta til Førde i ambulanse, seier operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt til Sunnmørsposten.

Ifølgje operasjonsleiaren skal alle dei skadde ha vore bevisste etter ulykka, men han hadde onsdag ikkje opplysningar om kor alvorleg skadde dei tre involverte var.

Operasjonssentralen kunne heller ikkje torsdag opplyse om skadeomfang.

Trafikkulykke: To bilar kolliderte front mot front på riksveg 15 i Markane i Stryn onsdag ettermiddag.  Foto: Bengt Flaten, Fjordingen



Vegtrafikksentralen melde om trafikkulykka ved Sindre i Stryn klokka 15.09 onsdag ettermiddag.



Ifølgje Vest politidistrikt har ulykka skjedd som ein front mot front-kollisjon, og naudetatane skal ha vore på staden klokka 15.22.

– Det har vore ein front mot frontkollisjon mellom to personbilar. Det var ein person i den eine bilen, og to i den andre. Føraren av den eine bilen var fastklemt. Alle er bevisste, seier politioverbetjent ved Stryn lensmannskontor, Vidar Stavik til Fjordingen.

Ifølgje avisa skal det vere store materielle skadar på begge bilane – og lange køar i begge retningar.

To ambulansehelikopter var på ulykkesstaden.

Vegen opna for fri ferdsel om i 17-tida.