Må betale 90.000 etter promilletur

Mannen gjekk heim frå fest, men då han kom heim tok han bilen og køyrde. Det kosta han dyrt.

Sunnmøre tingrett. Illustrasjon  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Tidleg ein søndag morgon i januar i år gjekk mannen i 30-åra heim frå fest hos naboen. Vel heime sette han seg i bilen og køyrde inn i husveggen. Deretter køyrde han til ein parkeringsplass, og det siste han hugsar er at bilen small inn i eit tre.