Fryktar smitte på sårbare fødeavdelingar:

Fedre må vente på meir tid

Føde- og barselavdelingane i Møre og Romsdal vil inntil vidare ikkje bli opna meir opp for fedre.

Velkomne: Far er velkomen til fødeavdelingane i Møre og Romsdal, men berre i kort tid, så lenge koronarestriksjonane gjeld. Kva tid restriksjonane blir oppheva, er enno uvisst. 

Nyheter

– Inntil vidare vil vi behalde restriksjonane, men vi vurderer fortløpande om vi skal opne meir opp, seier Janita Skogeng, konstituert klinikksjef i Klinikk for kvinner, barn og ungdom i Helse Møre og Romsdal.