Skreiv heftig debattert Facebook-innlegg om vindturbinar og fiskeri:

– Eg tenkte eg måtte seie ifrå

Fredag morgon skreiv hareidsordførar Bernt Brandal eit innlegg på Facebook som har blitt delt over 80 gonger. Men engasjementet stikk djupare enn eit facebook-innlegg.

Brandal: – Ja, eg har ein agenda, dette er noko eg har arbeidd lenge med, det er mi plikt å seie ifrå, seier Bernt Brandal. (arkivfoto) FOTO: LINDA EIKREM 

Nyheter

(Vikebladet) «Vindturbinar som rasera perler på kysten, flytande industrianlegg midt i det viktigaste gytefeltet for NVG-sild, statssubsidiert blokkering av dei viktigaste tråldraga på Tampen, dette er dessverre konsekvensane av ein politikk utan logisk forankring» startar innlegget med.