To dømde for tjuveriraid:

Slik klarte dei å rundstele butikkar

Iført korsett og med spesialverktøy for å fjerne alarmar, fekk ein mann og ei kvinne med seg dyre merkeklede frå butikkar på Moa og Molde.

Arrestert: Politiet arresterte sambuarparet på Moa fredag 17. januar. Begge har tilstått tjuveria, som retten ser hadde eit profesjonelt preg.  Foto: Tipsfoto

Nyheter

– Tjuveria har eit profesjonelt preg. Dei tiltalte har stilt godt førebudd på «jobb», skriv Sunnmøre tingrett i dommen mot eit sambuarpar i 40-åra.