Føler seg undervurdert

Lea Thoresen Farstad (17) og mora Rita Thoresen er bekymra for at mangfaldet skal krympe om bioteknologilova vert vedteke.

Engasjert: Lea Thoresen Farstad (17) som har Downs syndrom er fersk medlem i kommunedelsutvalet for Vatne og Tennfjord i Ålesund kommune  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Lea (17) er på mange måtar som 17-åringar flest. Ho går helse og oppvekst på Haram vidaregåande skule, har jevnaldrande kjærast, og går på treningar i IL Ravn og i Ålesund Svømmeklubb. Tenåringen er glad i hestar og er aktiv på video-appen TikTok. Ho er også engasjert i politikk, og er valt inn i kommunedelsutvalet for Vatne og Tennfjord, som eitt av to medlem under 18 år.