Kraftig auke for store bustader i nye Volda kommune:

Nær 43.000 kroner i vatn- og kloakkavgift

Anne Raftevold og ektemannen Jens Edvard Jensen i Hornindal har fått årsrekning på vatn og kloakk på nærare 43.000 kroner. Til samanlikning betalte dei under 16.000 kroner pr. år i Hornindal kommune.

Kraftig auke: Jens Edvard Jensen og kona Anne Raftevold har fått rekning på 43.000 kroner i året for vatn og kloakk frå Volda kommune. Årsaka er at kvar kvadratmeter no vert rekna som avgiftsgrunnlag. Heile det raude bygget er deira, og er rekna til 735 kvadratmeter.    Foto: BENGT FLATEN

Nyheter

(Fjordingen): – Ja, vi vart svært overraska, seier Anne Raftevold, etter å ha fått melding frå sin nye kommune om gebyr på vatn og kloakk for inneverande år.