Høgskulen i Volda:

100 nye studieplassar til Volda

100 nye studieplassar, og seks nye forskarstillingar. Rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda har grunn til å ta fram sitt breiaste glis.

Studentar: Det er kvart år mange som søkjer seg til Høgskulen i Volda. Og til hausten kan dei tilby endå fleire studieplassar. (Arkivbilde)  Foto: Terje Engås

Nyheter

– Dette er det største enkeltbidraget Høgskulen i Volda har fått på lenge. Det har iallfall ikkje vore noko liknande dei siste ti åra. Det er snakk om 15 millionar kroner berre for neste år, seier Roppen.