Privat aktør inn i Møreforsking

Åkerblå AS kjem inn som eigar i Møreforsking. Samtidig ligg det an til at fylkeskommunen går inn med fem millionar kroner, når selskapet no gjennomfører emisjon for å styrke økonomien i selskapet.

Ålesund: Møreforsking har tilsette i Ålesund, Molde og Kristiansund. Her frå levandelabben deira på Atlanterhavsparken. Forskarane Wenche Emblem Larssen og Jan Sunde i arbeid. Arkiv  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Møreforsking AS har vedteke emisjon for å få inn sju millionar kroner. Det meste av summen er det Møre og Romsdal fylkeskommune som skal skyte inn, ifølgje sakspapira til fylkesutvalet.