Hovudtillitsvalt misnøgd med krisepakken frå regjeringa:

Vil ha kontantstøtte til verfta no

Om ikkje regjeringa blar opp pengar med det første kan det få alvorlege konsekvensar for den maritime næringa. Det seier Arne Otto Rogne, konserntillitsvalt i Vard Group AS.

Ikkje nøgd med pakken: Regjeringa har sett av 684 millionar kroner til den maritime næringa. - Men kor mange millionar blir det per verft, spør Arne Otto Rogne retorisk.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Regjeringa har ikkje forstått alvoret. Verfta treng pengar rett på konto, altså ei kontantstøtte, meiner Rogne.