Dette er Giske-skulane sin skjebnedato

Utsette vedtak om skulenedlegging som følgje av koronakrisa – no er det klart når vedtaket skal gjerast.

Mykje å stri med: Det har vore ein spesiell vår i Giske kommune. Dei vart ekstra hardt råka av koronakrisa. Dei to einaste koronarelaterte dødsfalla i Møre og Romsdal så langt har kome her. Men no må ordførar Harry Valderhaug og dei andre politikarane i kommunen begynne å tenke på meir vanlege politiske saker. Den mest betente av dei som er i vente er skulesaka.  Foto: Einar Orten Trovåg

Nyheter

I mars skulle endeleg ein langvarig skulestrid i Giske kommune avgjerast. Det sette koronaepedimien ein stoppar for. No ligg alt til rette for at saka blir avgjort i september.