Droppar karantene for svenske sommarvikarar

Studentane frå sverige som skal vere sommarvikarar i helsetenesta i Giske kommune treng ikkje vere i karantene i ti dagar før dei byrjer arbeidet.

Tillit: Ordførar Harry Valderhaug (KrF) har tillit til at kommuneleiinga gjer dei nødvendige vurderingane for dei svenske sommarvikarane.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

Som ved tidlegare år skal Giske kommune også i år ha sommarvikarar i helse og omsorg-seksjonen frå Sverige. I år byr det imidlertid på større utfordringar på grunn av koronapandemien. Sverige har hatt eit vesentleg større utbrott av smitte enn i Norge, og har valt heilt andre måtar å kjempe mot viruset på.