Fire nye smittetilfelle i Sula

– Alle har vore i karantene sidan det førre smittetilfellet, seier kommunelege Marianne Bjerkevåg.
Nyheter

Sula kommune melder at dei fredag har fått bekrefta at fire nye personar har testa positivt på korona.

– Alle dei fire har vore i karantene sidan det førre smittetilfellet, seier kommunelege Marianne Bjerkevåg til Sunnmørsposten.


Fleire testa i samband med nytt smittetilfelle i Sula

Torsdag fikk Sula sitt sjuande smittetilfelle, vedkommande er i heimeisolasjon.


Barnehagetilsett mellom dei som er smitta

Ifølgje meldinga arbeider ein av dei som no er bekrefta smitta i ein barnehage i kommunen.

– Der er ei avdeling stengt og barna og dei andre tilsette er sett i karantene, heiter det.

Ytterlegare tre blir testa

Vidare skriv kommunen at ytterlegare tre personar som er karantenesett i same husstand, har utvikla symptom og difor blir testa.

– I påvente av testresultat vert ytterlegare ei barnehageavdeling og to kohortar i barneskulen karantenesett. Alle nærkontaktar er varsla, heiter det.

– Dei tre som blir testa bur saman med ein av dei som no har fått påvist smitte, seier kommunelegen. Det er mistanke om at dei fire nye smittetilfella, men også vedkommande som vart bekrefta smitta tidlegare denne veka, er smitta av same kjelde.

– Venteleg med små grupper av smitta

– Kva tenkjer du om at de har fått fem nye med påvist korona i Sula dei siste dagane?

– At det er tilfeldig at det kjem hos oss, for det første. Og at det eigentleg er venta at også vi får små grupper av smitta her hos oss, på same måte som andre stadar i landet, seier kommunelegen.

– Er det barn eller eldre mellom dei som no er smitta?

– Nei. Alle er unge vaksne, og ingen av dei er innlagt på sjukehus. Så langt har alle milde sjukdomsforløp, seier Bjerkevåg.

Med dei fire nye er det no i alt 11 personar som har testa positivt på Covid-19-viruset i kommunen.