Fleire testa i samband med nytt smittetilfelle i Sula

Torsdag fikk Sula sitt sjuande smittetilfelle, vedkommande er i heimeisolasjon.

SMITTA: Sula kommune jobbar med smittesporing etter eit nytt tilfelle av koronasmitte.  Foto: Ole Berg-Rusten

Nyheter

Kommunelege Marianne Bjerkevåg fortel at pasienten som vart bekrefta smitta av koronaviruset torsdag 28. mai er i heimeisolasjon.

– Personen er i god form, men har framleis infeksjonsteikn. Der er ikkje behov for innleggelse, seier ho.

Den smitta tok kontakt med kommunen og bad om å bli testa då vedkommande fekk symptom på koronaviruset. Smittekjelda er førebels ukjent, men alle nærkontaktar er sett i karantene.

– Enkelte nærkontaktar er testa fordi dei har hatt forkjølelsesymptom. Det er ikkje mistanke om smitte, testinga er gjort meir for å vere føre var, seier Bjerkevåg.

Det er altså for tidleg å seie noko om pasienten har smitta nokon av sine nærkontaktar.

Sula kommune jobbar med smittesporing, primært gjennom intervju av pasient og nærkontaktar.

Det har mellom anna komme opp spørsmål om eit av husstandsmedlemmane jobbar i barnehage i kommunen, det kan Bjerkevåg avkrefte.