Slik gjekk det då mannen skulle sjøsette vasskuter

Både bil, skuter og hengar hamna i sjøen på Bryggja, men til alt hell ikkje mannen.

  Foto: Privat

Nyheter

Sjøsettinga av ein vasskuter gjekk ikkje heilt etter planen for ein mannleg bilførar på Bryggja i Stad kommune laurdag føremiddag, melder Fjordabladet.

Etter å ha rygga bil og hengar med vasskuter på, ned på det som blir kalla vegvesenkaia, gjekk føraren ifølgje avisa ut for å sjekke stoda. Det gjekk ikkje så bra. Historia seier ikkje noko om kvifor, men både bil, hengar og skuter forsvann ut i sjøen og hamna på ti meters djup.

Til alt hell sat altså ikkje mannen i bilen. Derimot kunne han følgje det heile frå sidelinja.

Redningsmannskap og dykkarar kom etterkvart til staden og gjekk i gang med å få bil, skuter og hengar på land.